Den nydeleg innlesne versjonen av denne boka kan du kjøpe hos alle nettbokhandlarar eller låne digitalt i biblioteka sin BookBites-app. Brukar du iPhone, kan du også lytte til boka i Bøker-appen.

Boka har blitt nærlesen i Nrks Leseklubben med Kaveh Rashidi som gjest. Høyr heile sesongen her.

Mary Shelleys Frankenstein eller – den moderne Prometevs vert ofte sett på som verdas første science fiction-roman og har hatt enorm påverknad på seinare litteratur og populærkultur, ikkje minst film. Romanpersonen Victor Frankenstein og det namnlause monsteret hans er blitt omgrep på mange språk.

Forfattar Mary Shelley var ein av dei aller første kvinnelege forfattarane som ikkje skreiv under pseudonym. Den første utgåva var publisert anonymt, medan namnet hennar stod på andreutgåva frå 1823. Det at ei kvinne skreiv om eit slikt tema, gjorde henne banebrytande og til ein av dei aller viktigaste forfattarane i verdslitteraturen. Shelley var berre 19 år då ho skreiv første utgåva av verket.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.

Innlesar: Anderz Eide
Produsent: Nima Studio

Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Øystein Vidnes

ISBN 9788279594086

Sagt om boka:

«I den grad ein kan snakke om ein slags kanon av litteratur som ein burde ha lese før ein blir tretti, så kjem denne her på lista mi – og noko høgare rating enn det klarar eg ikkje å gi litteratur.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk