Bli med på ei fjordreise frå Bergen heilt inn i dei trongaste fjordarmane. Frå Bergen reiser vi nordover og svingar inn Sognefjorden med sine flogbratte fjell, veglause gardar og moderne industristader.
Vi ser stavkyrkjer, eventyrlege hotell og smakar på lokale mattradisjonar.
Rund 500 000 turistar reiser kvart år inn og ut Sognefjorden. Dei kjem som regel frå Bergen, fjordlandets hovudstad. Sjøvegen har alltid vore bindeleddet mellom Bergen og fjordbygdene i Sogn.
Boka er ei fullstendig revidert og ny utgåve av Båtreisa Bergen–Sogn (2003).