Etter dei fire kritikarroste og prislønna første bøkene Godnattboka, Eventyrboka, Trøysteboka og Monsterboka har forfattarane i denne boka lagt forteljingane bort frå det kvardagslege og til univers fulle av fabelaktige fantasivesen.

Her møter du trådsneller som snakkar, dykkarklokker som går på land og Vesle som aldri har sett noko så merkeleg som eit menneske. Og om du ikkje har møtt verken ein grublebakkedink eller ein knurrebakkedink før, blir du kjent med dei her.

Fantasiboka er den femte og siste boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar – antologiane som etter kvart har blitt klassikarar og samleobjekt i mange hus. Bøkene er for heile familien og fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing.

Også denne gongen er boka illustrert av Gunvor Rasmussen som for første gong også har skrive si eige forteljing.

2016
Nynorsk
16,5 x 23,5 cm
208 sider
Innbunden med trykt overtrekk og smussomslag med preg, rikt illustrert med illustrasjonar på kvar side, leseband.

Formgjeving: Silje Nes, Øystein Vidnes
Illustrasjon: Gunvor Rasmussen

ISBN 9788279592396

Sagt om boka:

«Et gjennomført og helhetlig visuelt univers. Ulike størrelser og plasseringen av illustrasjonene gir et variert og spennende uttrykk. Papirvalget underbygger illustrasjonsuttrykket, og de typografiske grepene bidrar til god lesbarhet hos målgruppen.»

«I det heile ein gjennomført forseggjort serie, både i innhald og stil, og som er blitt samleobjekt i mange heimar der dei veit å verdsetje kvalitet også for borna. […] Ein fabelaktig illustratør!»

«En av årets beste bøker:
– Hver fortelling er i seg selv eksempel på fantasi, noen makter samtidig å vise oss fantasiens kraft mer ekspli­sitt. Bidraget til Maria Parr, «Vesle og ostepopmagikken», er verdt boken alene.
»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk