Bøkene i klassikarserien er godt innbundne, vakre og lette å ta med seg. Skulle du likevel har bruk for ein e-bokversjon, kan du få tak i den i dei fleste e-bokformata:

Ebok.no

Ibooks

Kindle

Google books

Den store Gatsby tek oss med inn i ei verd av overflod, draumar og djup lengsel. Forteljaren Nick Carraway flyttar til Long Island utanfor New York og blir dratt inn i eit liv fylt av glitter og glamour. Der møter han Jay Gatsby, ein mystisk og ufatteleg rik mann som held storslagne festar i sitt imponerande herskapshus. Men bak fasaden av luksus og lys, skjuler Gatsby lengta etter Daisy, kjærleiken frå ungdommen, som no er gift med den arrogante og grove Tom Buchanan.

Gjennom Gatsbys lidenskap ser vi korleis den amerikanske draumen kan bli eit mareritt, korleis menneske kan bli slukt av grådigskap og øydelagt av si eiga uro. Den store Gatsby er ei forteljing om knuste draumar, uoppnåeleg kjærleik, og dei mørke avgrunnane som ligg bak eit tilsynelatande perfekt liv.

Då romanen kom ut i 1925, vart han ein fiasko for suksessforfattaren Fitzgerald. Verken lesarar eller kritikarar sette romanen særleg høgt den gongen. Først etter at ein frivillig organisasjon delte ut gratis eksemplar av boka til soldatar under den andre verdskrigen, vaks romanen til å bli den klassikaren han er i dag, med tallause adaptasjonar, dramatiseringar og filmatiseringar.

Hundre år etter utgjevinga, blir Den store Gatsby sett på som eit av dei viktigaste verka i den moderne verdslitteraturen. Han har forma biletet vårt av 1920-åra, eller det Fitzgerald sjølv kalla «jazzalderen» – ei tid fylt av fest, musikk og framtidsoptimisme, men òg depresjon, einsemd og framandgjering.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Visste du at du også kan abonnere på Nynorske klassikarar?
Les meir om bokklubben her.


Formgjeving: Øystein Vidnes, Andreas Töpfer, Stefan Ellmer
Illustrasjon: Andreas Töpfer
Omsetjing: Nils Henrik Smith

ISBN 9788279593775

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk