Du treng sjølvsagt ikkje lengta etter snø heile året. Du skal faktisk ikkje det. Fjella skal mista alle kvite flekkar, sommarstid.

Slik innleier den tidlegare landslagsløparen på ski, Gudmund Skjeldal, prologen til boka Begrav meg i snø. For om vinteren ønskjer han seg snø.

I denne kvardagsfilosofiske dagboka møter vi ein norsk familiefar på leit, ikkje berre etter snøen, men også etter dei gylne augneblinkane gøymde i ein travel kvardag. Med ettertanke, humor og melankoli løftar Skjeldal og Finborud fram gleda over dei små stundene, nostalgien over barndomen som forsvann, lykka over den første snøen, sorga over alt ein ikkje rekk i livet – og regnet som øydelegg skispora. Med varsam penn, skildrar skiløparen og faren korleis den norske vinteren i alle former tek tak i han og livet, dag for dag.

Begrav meg i snø er fylt med lunefullt vêr, sludd og pudder, leik i snø, tung pust og gnistrande føre, mørketid og vinterlys, alt treffande illustrert av den folkekjære kunstnaren Kristian Finborud. Boka fangar både familieliv og vinter i eitt grep, og er kjærkomen lesnad for travle og snøhungrige nordmenn.

2016
Nynorsk
21,5 x 24,0 cm
96 sider
Innbunden i perm kutta på blokk, preg og lakk.

Formgjeving: Øystein Vidnes
Illustrasjon: Kristian Finborud

ISBN 9788279592471

Sagt om boka:

«En herlig bokfor alle som er glad i vinter og skiløping. […] Skjerdal har evnen til å se seg selv med sin monomane opptatthet av skiløping i et selvironisk lys. Humoren ligger på lur i store deler av boken. […] Her er det mye å kjenne seg igjen i for oss som fryder oss over å bevege seg i hvitt landskap på to planker.»

«Den lavmælte, godmodige tonen er i bunn og grunn ganske sympatisk. […] Gi den til den skiglade, eller til nostalgikeren.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk