Eg kom tidleg til å undre meg over om det finst eit fysisk språk. Eit språk som ligg «utanfor» oss. Noko som heile tida omgir oss, men som vi likevel ikkje heilt ut «forstår». Einast tilgjengelege middel for kontakt med det, er direkte fysiske inngrep. Å vere på same nivå.

Arne Ingvaldsen er biletkunstnar, og ein av få representantar for minimalismen i Noreg. Gjennom fleire tiår har han skapt installasjonar, skulpturar, teikningar og måleri, der forholdet mellom gjenstand og rom har vore sentralt.

Dei objekta han arbeider med, anten på papir eller i fysiske rom, er kjenneteikna av eit abstrakt, geometrisk formspråk. Dei søker å drive uttrykket fram til noko som kjennest meir allmenngyldig enn umiddelbare synsinntrykk av naturen.

Boka viser eit utval av Arne Ingvaldsens arbeid mellom 1989 og 2024.

Med fagtekstar av kunsthistorikarane Gunnar Danbolt og Evelyn Holm.

2025
Norsk/Engelsk
27,7 x 21,5 cm
224 sider
Trådinnbunden hardcover, sylskarpt offset-trykk, lakk

Formgjeving: Camilla Ådland Jensen
Illustrasjon: Arne Heglum Ingvaldsen

ISBN 9788279593881

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk