I denne vrimleboka tek illustratør Tanja Markhus barna med til eit yrande liv inn mellom blomar og gras, kongler og lauv.
Her møter dei alt frå biller og maur til bier og sommarfuglar, og kan følgje dei ulike figurane på eventyr. Markhus teiknar fantasifullt fram finurlege figurar og morosame møte. Boka inneheld ikkje tekst, så her kan små og store lesarar finne sine eigne forteljingar.