Multikunstnaren Oddvar Torsheim ligg ikkje på latsida. Han forsyner jamleg det norske folk med skarpe tekstar, treffande bilde og songar med fråspark. I mai opnar utstillinga Ymsedamer på Mohn kunsthandel i Bergen, og samstundes gir SKALD ut boka med same namn.

Ymsedamer er ei frisk lita bok med til no upubliserte teikningar frå dei tre siste åra. Her er damer i alle variantar: Appelsindronningar og kalde jomfruer, Bente Bakantil og Frida Framifrå. Kvinner mange av oss kan kjenne igjen, eller ynskje vi ikkje hadde kjent. Dei torsheimske bildetitlane er einaste tekst i boka, og ho fell såleis i kategorien lettlest, men ikkje lettgløymd.

Boka er ein stor bukett frodige damer og erstattar gjerne ei blomsterhelsing!

2015
Nynorsk
13,2 x 17,0 cm
120 sider
Innbunden, halvbind i tekstil

Formgjeving: Silje Nes
Illustrasjon: Oddvar Torsheim

ISBN 9788279592389

Sagt om boka:

«Humor og tristesse i en særegen blanding.»

«Damene blir framstilte så
stereotype i media, men her er det alle slag.
»

«Den heter Ymsedamer,
og inneholder nettopp det. Diverse damer.
»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk