Bygdeoriginalar, strenge lærarar, sinte hundar, pussige episodar, galne påfunn, leik og moro i ei etterkrigsbygd i endring: Nils R. Ringdal har kjære minne om sin oppvekst på Voss.
Vossingen kjem seg fram overalt i verda. Men det er ikkje naudsynt å reisa. Alt og alle kjem hit. Det var ein sjølvsagt ting då ein nyinnflytta realskuleelev gjekk inn i bokhandelen og bad om ein globus over Voss.