Boka er eit nært portrett av livet i veglause Undredal i 1973 – i ei nær fortid utan datamaskiner, før oljealderen tok skikkeleg tak i landet vårt. I ei veke dokumenterte fotostudenten Ole Fretheim kvardagen i strandsitjarbygda. 40 år etter har han samla det unike bildematerialet i ei flott fotobok.
Sagt om boka:
«Sjølv om Undredal ligg ved ein vestlandsfjord, får ein ved å bla i boka kjensla av at bygda liknar Provence. […] Boka er flott med mange unike bilete.»
«Boka er reine tidsmaskina. [...] Dei fleste i 50 pluss-generasjonen har faktisk opplevd denne tida og vil kjenne seg att i boka.»
«Anbefalt.»