I 2002 ga SKALD forlag for første gong ut den vesle boka om den store Flåmsbana, den spektakulære togreisa som har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Norge. Rundt 1.000.000 passasjerar tek den verdskjende togturen årleg. Boka om Flåmsbana er utgitt på sju språk, i 35 000 eksemplar og har blitt ein klassikar i suvenirboksamanheng.

Den populære turistboka kjem no ut i ny utgåve, fullstendig revidert, i ny design og denne gongen med foto av Thomas Morel. Morel er ein nederlandsk fotograf, busett i Norge, som etterkvart har bygt seg opp eit stort namn. Han har gjennomført fleire spennande fotoprosjekt i inn- og utland for mellom anna Helly Hansen, Puma og NYC Ballet. Han fekk sitt gjennombrot med fotoserien av dansarane frå Nasjonalballetten.

I boka gir Johs. B. Thue ei kortfatta, lettlest og oppdatert framstilling av fakta kring den brattaste bana i verda på normalspor; frå jernbanehistorie, via Flåmsbygda til anleggskunst og rallarliv. Boka gir innsikt i dei historiske, kulturelle og tekniske sidene ved den kjende togreisa. Med Morel sine fantastiske bilde frå ulike årstider vil boka halde fram som klassikar i mange år.

2015
Engelsk
14,0 x 17,8
88 sider
Innbunden med blank overtrekk.
2. opplag

Formgjeving: Silje Nes
Foto: Thomas Morel
Omsetjing: Angela Shury-Smith

ISBN 9788279592297

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk