Sogning, trubadur, sjarmør, åttitalsikon – etter ei suksessrik karriere dukkar assosiasjonane opp når ein nemner Olav Stedje. Og songane hans er vorte del av liva våre: Vi vandrar saman i dei små timar på Nattønsket, Ta meg med rungande over høgtalarane på vorspiel, og Stao no pao for full hals på Fosshaugane.
Sidan platedebuten i 1981 har Olav Stedje hatt ei rekkje hitar. I Syng meg heim har vi samla over 50 av dei mest kjende og kjære songane han har spelt inn. Boka er morsom og nydeleg illustrert av Janne Nes.