Kvifor skapte steinaldermenneska figurar av dyrekroppar på berg og fjell? Og kva fortel dei mystiske mønstera som fyller figurane om korleis dei såg på seg sjølv og verda rundt seg? Arkeolog Ingrid Fuglestvedt tek oss med inn i eit av dei mest fascinerande og samstundes mest gåtefulle kapitla i nordisk forhistorie: bergkunsten frå steinalderen på den skandinaviske halvøya. Med utgangspunkt i eit rikt arkeologisk materiale viser ho korleis desse bileta er langt meir enn avbildingar av menneske og natur, men òg inneheld spor etter tankar, førestillingar og levemåtar.
Vi oppdagar at bergkunsten er ei kompleks og fortetta kunstform, utført av menneske som levde annleis enn oss, men som var opptekne av dei same grunnleggjande spørsmåla. Dette er ei tankevekkjande og visuelt sterk framstilling av ei fjern fortid som framleis talar til oss i dag.