Frå alvisk i Tolkien-universet til dothraki i Game of Thrones til fredsprosjektet esperanto: Når du skapar eit språk, lagar du ikkje berre eit system av lydar, teikn og symbol til å kommunisere med – du bygger ei heilt ny verd.
Har du drøymt om å lage eit eige språk? I denne boka gir språkekspert Olaf Husby deg ein komplett steg-for-steg-guide til korleis du kan planlegge, bygge og utvikle språket ditt. På vegen lærer du grunnleggande grammatikk og får ei ny og unik forståing av korleis språk og språksystem fungerer. Finn fram penn og papir og sjå eit heilt nytt språk utvikle seg på skriveblokka di!
Boka er for alle som likar å bygge system, jobbe kreativt og utforske korleis vi kommuniserer med kvarandre. Boka er rikt illustrert av Zarina Saidova.