Oppstadveven er ein tverrfagleg presentasjon av ein viktig del av den felles nordatlantiske tekstile kulturarven. Boka fortel tre nasjonale historier, frå Norge, Island og Shetland, og formidler både teoretisk og praktisk kunnskap om oppstadveven.
Frå 2010 heldt Osterøy museum ei rekkje praktiske kurs i vestnorsk åklevev på oppstadvev. I etterkant oppstod eit tverrfagleg samarbeid mellom islandske Hildur Håkonardottir, shetlandske Elizabeth Johnston og Marta Kløve Juuhl frå Norge. Samarbeidet resulterte i eit nytt og internasjonalt verk om den særeigne vevtypen. Boka omfattar både eit historisk oversyn over denne delen av den nordatlantiske tekstile kulturarven, rettleiande framgangsmåtar og oppskrifter på korleis ein skal kunna veva, samt innsikt i korleis gamle og gløymde vevemåtar kan få nytt liv gjennom praktisk og utøvande forsking.
Oppstadveven er del av ein viktig formidlingstradisjon av ikkje-materiell kulturarv. Gjennom å plassera oppstadveven i både ein historisk kontekst og ein kulturvernkontekst bidreg boka til å sikra og vidareføra kunnskap om produksjon, bruk av reiskap og produkt, samt inspirera til eigen veving og produksjon.
Hovudspråk er engelsk, med norske og islandske oppskriftstekstar.
Oppstadveven er eit samarbeid mellom SKALD og Museumssenteret i Hordaland.