Monsterboka er den fjerde boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar – antologiane som etter kvart har blitt klassikarar og samleobjekt i mange hus.

Monsterboka er ei fantasifull og fargerik bok for heile familien som fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing.

Etter dei tre kritikarroste og prislønna første bøkene Godnattboka, Eventyrboka og Trøysteboka har forfattarane i denne boka utforska monsterunivers på humoristisk og nokre gongar litt skummelt vis. Dei har spora opp både gigantisk store og bitte små, snille og slemme, triste og glade monster.

Også denne gongen er boka illustrert av Gunvor Rasmussen som kan seiast er uvanleg glad i nettopp monster.

2013
Nynorsk
16,5 x 23,5 cm
224 sider
Innbunden med trykt overtrekk og smussomslag med preg, rikt illustrert med illustrasjonar på kvar side, leseband.

Formgjeving: Øystein Vidnes, Silje Nes

ISBN 9788279591917

Sagt om boka:

«Å vere monster byr på utfordringar som snur opp ned på verda slik vi kjenner ho, og hjelper oss som les til å sjå tilveret frå andre perspektiv enn vårt eige. Det har vi godt av!»

«Ei allsidig bok som eignar seg godt til høgtlesing. Her er humor, fantasi og hjerneføde.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk