Med hjarte i fatle er ei samling korttekstar av Magne Velle, illustrerte av Per Ragnar Møkleby. Både tekstar og illustrasjonar gir uttrykk for livets alvor med ein undertone av humor. Eller omvendt. Boka inneheld aforismar, livserfaringer og underfundige refleksjonar, og vert ei ypparleg gåve til dei som har alt, eller ingenting.
Med sine smådikt har Magne Velle gjennom mange år fått seg ein stor og trufast følgjarkrets på sosial media. No samlar han det beste i denne vesle gåveboka med uttrykksfulle illustrasjonar av Per Ragnar Møkleby.