Luisa og Ugla er veldig ulike: Luisa er ei jente, og Ugla er ei ugle. Dei er alltid i lag. Og når Luisa spelar fiolin, då flyg Ugla dansande glad rundt henne.

Men når Luisa høyrer dei andre kviskra at ei ugle og ei jente jo ikkje kunne vera venner, blir ho lei seg. Så reiser ho for å finne nokon som passar til ho.

Undervegs møter ho både meir og mindre rare vesen, og ho kjenner at ho er einsam. Men kanskje ho ikkje er heilt åleine?
Ei hjartevarmande forteljing om ein litt uvanleg venskap.

2013
Nynorsk
22,0 x 22,0 cm
32 sider
Innbunden i halvbind med tekstil, lakk.

Formgjeving: Øystein Vidnes

ISBN 9788279591948

Sagt om boka:

«Det er ein kvalitet ved boka.»

«Lisbeth Dreyer mestrer den vanskelige kunsten å skrive kort.»

« Et lite poetisk vingeslag av en bok. Vakker og fascinerende.»

«Ein kvalitet ved boka er dei rike og poengterte illustrasjonane. Samspelet mellom tekst og bilete er spesielt vellukka i dei oppslaga som beskriv dei para Luisa treffer på reisa.»

«Den luftige komposisjonen i boka med store, opne bilete, lite tekst og tydelege pausar, gjev mange rom til mindre og større samtalar om ulike sider ved det å vera glad i nokon – og om langt meir enn bestevenskap.»

«Bildene i denne boka preges av både en konsis, fortellende strek, og vakre framstillinger.»

«Ei bok om venskap, men mest ei forteljing om å finne sin eigen veg i livet utan å bry seg med kva andre seier.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk