I 1877 overtok Ole Kvikne eit lite kremmarsete i Balestrand og la grunnlaget for eit hotelldynasti som seinare har gått i arv frå generasjon til generasjon.
Den staselege hovudbygningen frå 1913 framstår framleis som sjølve eventyrslottet ved Sognefjorden.
Kvitmåla, med ein nesten 80 meter lang fasade mot fjorden og ei mengd verandarer og rike utsmykkingar, er bygningen eit monument over den unorske sveitserstilen som var så populær i turismens barndom – ein byggestil som utlendingar i dag ser på som det norskaste av det norske.