Matbloggar og småbarnsmor Anita Stokke Blomvik har dei siste åra drive matbloggen Kvardagsmat.no. Der har ho vist fram sine triks for at alle kan få til å lage heimelaga mat i kvardagen. Dagleg les over 2000 svoltne menneske bloggen hennar. No har den populære matbloggaren samla sine beste tips i boka Kvardagsmat.

Det som skil Anita frå dei andre matbloggarane, er at ho ikkje er stjernekokk eller proff. Ho var som deg og meg: sat fast i tidsklemma med barnehage, skular og faste aktivitetar og lita tid til middagslaging. Kvardagen hennar var prega av posemiddag og andre halvfabrikatar, men så fekk ho nok og utvikla heimelaga mat som ungane liker og som alle kan lage uansett kor dårleg tid ein har. Og du skal ikkje sjå vekk i frå at også far i huset får lyst til å lage nokre av desse oppskriftene.

Tobarnsmora, busett på Sunnmøre, meiner at alle kan lage mat og dyrkar den enkle og heimelaga maten på bloggen sin. Sjølv seier ho dette om si første kokebok:

Dette er boka eg skulle ønskje at eg fann då eg gjekk i gong på kjøkkenet! Eg kunne knapt nok lage kvit saus, og å smake til ein rett hadde eg ikkje peiling på korleis eg skulle få til. Men eg ville at familien min skulle ete meir heimelaga mat, og mindre av halvfabrikata som vi var van med.

I Kvardagsmat skildrar Anita så enkelt som råd framgongsmåten slik at du får eit godt resultat første gongen du prøver ei oppskrift. I boka finn du basisoppskrifter for dagar der heile familien skal på trening og det knapt finst plass til middag, oppskrifter til ein heilt vanleg tysdag og oppskrifter til dei dagane du får huset fullt av alle du er glad i.

Du klarar heilt fint å lage heimelaga mat, uansett kor lite tid du har brukt på kjøkkenet tidlegare: Prøv, feil, lær, så plutseleg forstår du kjøkkenspråket du òg.

2018
Nynorsk
21,0 x 27,0 cm
176 sider
Innbunden med tråd, rygg i tekstil, foliepreg, offsettrykk.

Formgjeving: Øystein Vidnes

ISBN 9788279592884

Sagt om boka:

«Jeg tror ikke jeg har sett en eneste ingrediens som jeg ikke kan få tak i på min lokale butikk og det gjør budskapet om at dette er hverdagsmat som alle kan få til enda mer troverdig.»

«Årets julegave ❤️»

«Elskar denne boka!»

«Dette er en meget fin bok i så henseende. Den er usedvanlig oversiktlig, oppskriftene er satt veldig fint opp og bildene.»

«Anbefales! Spesielt til travle familier i alle aldre! Smakfulle og sunne rettar!»

«En fantastisk bok som viser hvor enkelt det er å lage sunn hverdagsmat fra bunnen av! Og det er jo hverdagene vi har flest av. ♥️»

«Selv om det ikke i utgangspunktet er ment som en kokebok for studenter, så burde dette være en bok som alle foreldre kjøper til sine barn når de forlater redet.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk