Denne boka fortel historia om Hopstock hotell og folka som har drive hotellet. Hopstock-familien kom til Vik i 1847 og kjøpte gjestgivarstaden og landhandelen. Hopstock hotell er dermed kanskje det eldste hotellet i Sogn og Fjordane.
Frå 1847 har Hopstock-namnet vore knytt til hotellet. Etter Hopstockane overtok Thorsen-familien og til sist Riiber-familien. Det gamle hotellet vart rive, og det nye hotellet vart innvigd i 1973.