Hardanger har i over 150 år vore eit attraktivt mål for tilreisande frå innland og utland. Det er først og fremst naturen – med brear, fossar, fjordar og fjell – som trekkjer folk hit.
Med sine mange vegar over fjella og innover fjordane har det alltid vore forhaldsvis lett å koma til Hardanger.
I denne boka tek forfattar Oddvar Soldal oss med på ei reise i Hardanger der han gjer oss kjende med natur, kultur, næringsliv, attraksjonar, folk og fe.