Dette er den første godnattboka med berre nynorske forteljingar. Boka samlar 22 nye godnatthistorier skrivne av forfattarar frå heile Vestlandet, både etablerte skribentar og debutantar.

Gunvor Rasmussen sine spreke illustrasjonar gir boka ei unik fargedrakt. Med Godnattboka debuterer den kjende BT-illustratøren innanfor barnebokgenren.

Forteljingane rettar seg mot barn frå 6 år og fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing (frå 8 år). I byrjinga av boka finn ein lettleste forteljingar som eignar seg for dei yngste. Utover i boka vert forteljingane meir avanserte og rettar seg mot eldre barn.

Godnattboka og dei andre bøkene i antologiserien er populære dåps- og julegåver og har blitt til dei nye klassikarane innanfor nynorsk barnelitteratur.

2007
Nynorsk
16,7 x 23,8 cm
224 sider
Innbunden med trykt overtrekk og smussomslag med preg, rikt illustrert med illustrasjonar på kvar side, leseband.
5. opplag

Formgjeving: Silje Nes
Illustrasjon: Gunvor Rasmussen

ISBN 9788279591078

Sagt om boka:

«Godnattboka kan godt ende opp som eit moderne standardverk – på nattbordet.»

«Forteljingane som foreldre har leita etter.»

«Ei både vakker og sprudlande bok.»

«Forlaget har satsa stort og laga ei flott praktbok som er trykt på miljøvenleg papir.»

«Forlaget skal rosast for initiativet til, arbeidet med og gjennomføringa av denne utgjevinga. Ei anna som fortener særskilt ros, er Gunvor Rasmussen, som har laga illustrasjonane.»

«En solid samling med historier som holder et jevnt høyt nivå, med herlige illustrasjoner av Gunvor Rasmussen.»

«Sterk og god.»

«Hele konseptet er strålende, og historiene holder høy kvalitet. I tillegg er boken nydelig og kunstferdig illustrert.»

«Skald forlag har med denne utgjevinga laga ei flott bruksbok til glede og nytte for både vaksne og barn i fleire aldrar.»

«Stor honnør til forlaget for eit kreativt utval av forfattarar![…] Boka er enkelt sagt veldig fin.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk