Bøkene våre er godt innbundne, vakkert utstyrt og fint å lese. Skulle du likevel har bruk for ein e-bokversjon, kan du kjøpe den her:
Det er eit stille bondeopprør på gang. Bønder står i skvis mellom kravet om å bli større og meir effektive, og forventningane frå forbrukarar om rein og lokal mat, betre dyrevelferd og biomangfald. No går stadig fleire bønder nye vegar for å produsere mat på lag med naturen, med omsyn og kjærleik til både dyra, miljøet og dei som skal kjøpe og ete maten. Dei vil ha levande jord og glade, friske dyr.
Marit Bendz og Oddleiv Apneseth portretterer i denne boka femten bønder frå Lofoten i nord til Jæren i sør, som med kunnskap og rein viljestyrke vågar å tenkje annleis. Saman utgjer dei eit nytt håp for eit klimasmart og miljøvenleg norsk landbruk.