Fridtjov & Ingebjørg er ei forteljing om vennskap og makt og samstundes ei av dei mest underhaldande sogene om og frå vikingtida. Boka er ein frodig illustrert og forenkla versjon av den kjende norrøne soga om Fridtjov den frøkne.

Soga handlar om Fridtjov frå Sogn og hans kjærleik til Ingebjørg, dotter til kong Bele. Etter at kongen døyr, kjem Fridtjov og brørne til Ingebjørg i krangel. Brørne er i mot eit bryllaup mellom Ingebjørg og Fridtjov. Dei driv Fridtjov frå garden og gifter etter kvart systera bort til den mange tiår eldre kong Ring. Men Fridtjov er klok og får til slutt både Ingebjørg og kong Ring sitt store rike.

Dei siste ti-åra har denne delen av den norske kulturarven vore vanskeleg tilgjengeleg. I fjor vart nyomsetjinga av heile den gammalnorske teksten utgitt i ny språkdrakt av Jon Fosse, Soga om Fridtjov den frøkne (SKALD, 2013).

Med den illustrerte og lettlesne Fridtjov & Ingebjørg vert den handlingsmetta Romeo og Julie-forteljinga frå vikingtida no for første gong utgitt i familieutgåve.

2014
2. opplag
Nynorsk
19,0 x 29,0 cm
104 sider
Innbunden i koksfarga råpapp med gullfoliepreg og kvit folie.

Formgjeving: Silje Nes
Illustrasjon: Oddvar Torsheim

ISBN 9788279592150

Sagt om boka:

«Illustrasjonene har fått lov til å ta mye plass og beveger seg fritt over sidene. Dette skaper en fin rytme, og det er god variasjon i samspillet tekst/bilde. De sorte strekene passer godt på det gultonede papiret.»

«Oddvar Torsheims ballstyrige illustrasjoner tar oss tett på noe usedvanlig sprelsk og livat. […] Sagaene blir aldri «gamle», det er kjennetegnet. Men hver generasjon må erobre dem på nytt, slik Jon Fosse – som mester – gjør.»

«Illustrasjonene beveger historien fra datidens mørke alvor, til et humoristisk – for ikke å si satirisk nivår.»

«Fabelaktig festleg om Fridtjov den frøkne og frøken Ingebjørg.»

«Oddvar Torsheim har gjort si tolking av segnet, i lett kjennelege skisser, som har meir innhald di meir ein studerer dei underfundige streka.»

«Hos Fosse er teksten lesevennlig med de kjente korthugne setningene intakt.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk