I boka skriv forfattar Gunnar Yttri om høgare utdanning i Sogn og Fjordane gjennom fire tiår, frå etableringa av Sogndal lærarskule og Sogn og Fjordane distriktshøgskule til høgskulen i dag.
Yttri tek for seg bakgrunnen for å samla desse i ein høgskule, og om utviklinga etter samlinga. Eitt kapittel er via livet som student i Sogn og Fjordane, og i siste kapitlet tek forfattaren for seg Høgskulen i Sogn og Fjordane sin plass som ein institusjon i fylket.