Bunad er populært som aldri før. Men korleis vart alle dei ulike bunadene i Sogn til? Kva er det som skil dei frå kvarandre? Korleis har dei utvikla seg frå nasjonsbygginga til vår tid?
I boka Folkedrakter og bunader frå Sogn fortel forfattar Bjørg Hovland nært og personleg frå eit langt liv i bunad, og om gleda over dei vakre bunadene som vekte hennar interesse for temaet.
I boka går ho attende i tid og skildrar korleis sogningane kledde seg til høgtids på 1800-talet då nasjonal-romantiske målarar oppdaga fjord, fjell og folk her i Sogn. Hovland har gått på oppdagingsferd i målarkunst og klede og gjer historia levande for oss gjennom ord og bilete.