To gamle esel skulle snart feire sølvbryllaup. Det lange samlivet hadde sett spor på dei. Eselkona hadde etter mange famntak fått eit søkk på halsen, akkurat der mannen hennar hadde ein kul.
For at den gløymske eselmannen skulle hugsa bryllaupsdagen, laga eselfrua eit eseløyra på han. Men sidan øyrespissen stoppa til det einaste øyra han høyrde på, forsov han seg gjennom heile den store dagen! Dei kranglar og går frå kvarandre med tru på at det er like lett å finne seg ein ny halvdel. Ei morosam bok om forhold og venskap og om å setja pris på det ein har.
Boka Esel kom for første gong ut i Austerrike i 2002. Boka har fått fleire prisar, mellom anna Staatspreis für das schönste Kinderbuch Österreichs 2002. Den prisløna barneboka er også ei artig gåvebok for vaksne.