Bli med på ei reise nesten 1000 år tilbake i tid, til då stavkyrkjene vart bygde! Saman med den grøne draken kan du finne mange løyndommar under golvet, på taket, i veggene og i bakken!

Kva er eigentleg ei stavkyrkje? Korleis er ho bygd? Er stavkyrkjene like? Korleis kunne dei halde seg så lenge utan å rotne? Kor har det blitt av alle dei andre stavkyrkjene? Svar på desse og mange andre spørsmål finn du i boka.

Boka gir ei generell innføring i kva ei stavkyrkje er, korleis ho er bygd og korleis tavkyrkjene er forankra i vår kultur. Stavkyrkjene representerer ein spesielt verdifull del av den norske bygningsarven. Den tusen år gamle byggetradisjonen i tre er også døme på det ypparste handverket vi har i landet, og det er difor viktig at barn forstår kva ei stavkyrkje er, og kvifor vi har desse unike kyrkjene her i Noreg.

I boka vert fakta og informasjon forklart på ein lettforståeleg måte og tilrettelagd for barn ved omfattande bruk av forklarande og morosame
teikningar. Draken er barna sin venn i boka. Han er med på kvar einaste side, og gjer lesing av boka også til ei morosam oppleving.

Boka rettar seg mot barn frå 8 år. Kompleksitetsgraden og detaljnivået aukar utover boka slik at dei siste kapitla er mest eigna for barn frå 10 år. Boka kan også gi vaksne lettlest tilgang til emnet.

Ei morosam og lettlesen faktabok for barn og vaksne.

2007
Nynorsk
21,0 x 24,0 cm
64 sider
Innbunden med overtrekk, rikt illustrert med foto og teikningar.
Frå 8 år og oppover.

ISBN 9788279590958

Sagt om boka:

«Forlaget Skald har med Den vesle stavkyrkjeboka gjort ein viktig norsk kulturarv tilgjengeleg for born.»

«Boken burde finnes i alle norske hjem.»

«Prisverdig.»

«Boka kan gjerne brukes som reisebok; den kan anbefales.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk