I det store havet er alt blått.

Ingen kan sjå den vesle blå haien.

Nesten ingen.

Haiar er gråe, men ikkje den vesle, blå haien. Han forsvinn i alt det blå. Som om alt er blått inni han også.

Den vesle blå haien er annleis enn andre haiar. Han passar ikkje inn. Han har feil farge og feil smak. Han likar ikkje fisk, berre sjøplanter. Han er åleine og usynleg.

Forfattar Øyvind Vågnes og illustratør Akin Duzakin inviterer lesarane med til ei fargerik verd under havflata.

Den vesle blå haien er ei forteljing om å vere seg sjølv, om å føle seg annleis og om venskap.

2016
Nynorsk
26,5 x 21,0 cm
32 sider
Innbunden med sjølvlysande lakk.

Formgjeving: Øystein Vidnes
Illustrasjon: Akin Duzakin

ISBN 9788279592402

Sagt om boka:

«En slående vakker liten barnebok.»

«Våg å være en blå hai.»

«Boka har vakre bilete der duse blåfargar og varme fargetonar illustrerer livet under havflata på ein harmonisk og fengjande måte.»

«Den vesle blå haien er en vakker og lavmælt bildebok med budskap om vennskap og hensynsfulhet.»

«Bra med boka er at ho passar både for små og store. Å finne venner er viktig for alle.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk