Bitcoin har vore ein økonomisk revolusjon og eit teknologisk gjennombrot. I media er kryptovalutaen mest omtalt i samband med svingande kursendringar, kriminalitet og stor energibruk. I denne vesle innføringa forklarar forfattarane på ein enkel måte kva Bitcoin er og kvifor det er så viktig både for økonomien og fridommen vår.

Kvifor er dagens pengesystem problematiske? Kva kan Bitcoin betyr for dei som ikkje har tilgang til banktenester i dag? Korleis kan Bitcoin vera eit alternativ som kan endra politikk og samfunn i framtida?

Forfattarane er aktivistar, forelesarar, entreprenørar, bedriftsleiarar, investorar og forskarar. Dei kjem frå Afrika, Asia, Europa, Nord- og Sør-Amerika. Dei er ulike på mange måtar, men dei er samla i trua på framtida til Bitcoin som ein fredsskapande valuta. I 2019 isolerte dei seg i eit hus i California for å skrive denne boka i lag. Med boka gir dei eit innblikk i ei av dei mest omfattande oppfinningane i vår tid.

Ønskjer du å betale boka med bitcoin, kan du bestille ho her.

2021
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
120 sider
Trådinnbunden softcover.

Formgjeving: Øystein Vidnes
Omsetjing: Svein Ølnes

ISBN 9788279592310

Sagt om boka:

«Denne pamfletten framstår som litt av en bibel, men det bibler flest mytifiserer, går denne langt i å avmytifiserer digital økonomi. »

«For en bitcoin-novise som undertegnede er det veldig fint med en kjapp og forståelig innføring i hva dette faktisk er. I tillegg forklares mye av det praktiske rundt bitcoin, slik som hvordan man kan kjøpe og oppbevare dem.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk