I 2005 var det 100 år sidan oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige. I samband med dette kom boka Året 1905 i Sogn og Fjordane og prosjektet er eit samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Boka representerer avslutninga på eit stort prosjekt om 1905 her i fylket.
I boka blir året 1905 sett i regional og lokal sammenheng slik at all informasjon ikkje berre dreia seg om hendingane i Kristiania og Stockholm. Boka inneheld først ein generell del om kva som skjedde i landet og fylket det året. Andre del av boka presenterer hendingar i kvar enkelt kommune i Sogn og Fjordane.