Nokre meiner ein bergensar er meir typisk enn andre, og kvart år på den ”søttendes” slår han ut i full blomst.

Fotokollektivet Moment har dei siste åra arbeidd med å lage eit fotografisk dokument om fenomenet 17. mai i Bergen. Gjennom ein lang serie portrett av folk i alle aldrar, og med ulike kulturelle, etniske og sosiale bakgrunnar, viser fotografane eit samansett og allsidig bilde av byen og bergensaren.

Teksten i boka er av Frode Grytten som med sitt eige skarpe men også kjærlege blikk, fortel om Bergen og den typiske bergensaren.

– Når bergensaren først er i gang, må han bare kjøre på, kjøre på, kjøre på. – Hallaien, ditt helvetes rævholl! roper bergensaren lykkelig ut over Festplassen. Korleis er det mulig å ikkje vere smellforelska i ein slik by?, skriv Grytten, og smeltar slik hjarta til alle som opnar boka.

2015
Nynorsk
20 x 25 cm
160 sider
Innbunden i kvartbind i tektstil, gullfoliepreg og raudt, kvitt og blått leseband.

Formgjeving: Rune Døli
Foto: Knut Egil Wang, Helge Skodvin, Eivind H. Natvig, Chris Maluszynski, Martin von Krogh, Johan Bävman, Oddleiv Apneseth

ISBN 9788279592211

Sagt om boka:

«Hurra for 17. mai og folket i Bergen. Og tre ganger tre hurra for karane som har gitt oss dei heile i bokform.»

«Boken er blitt en fest i seg selv.»

«Med Grytten sin tekst som sekundering, er denne hyllesten til både glede og ettertanke - og ein introduksjon til ein fascinerande by, til folk og særpreg.»

«Kvart bilete er ei historie for seg.»

«Mellom linjene – om man kan si slikt om en fotobok – ligger en kledelig antydning til selvironi.»

« Han kan ikkje dy seg for å sparka til både fotball og anna. Men for ein tekst! Typisk Grytten om typisk Bergen.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk