Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Monsterboka er den fjerde boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar – antologiane som etter kvart har blitt klassikarar og samleobjekt i mange hus.

Monsterboka er ei fantasifull og fargerik bok for heile familien som fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing.

Etter dei tre kritikarroste og prislønna første bøkene Godnattboka, Eventyrboka og Trøysteboka har forfattarane i denne boka utforska monsterunivers på humoristisk og nokre gongar litt skummelt vis. Dei har spora opp både gigantisk store og bitte små, snille og slemme, triste og glade monster.

Også denne gongen er boka illustrert av Gunvor Rasmussen som kan seiast er uvanleg glad i nettopp monster.