Skald

Skald 1
SKALD AS vart skipa i 1991 av Lars Nes og Jon Skjerdal – i dag dagleg leiar og styreleiar i selskapet. Selskapet har som føremål "å planleggja og gjennomføra prosjekt innan kulturområdet". SKALD har hovudkontor i Gamlehotellet i Leikanger (eigd av SKALD eigedom as), som er ein del av Leikanger næringshage.


Last ned høgoppløyselege bilete:
– Forlagshuset: Gamlehotellet. Foto: OSY

Oppdragsverk og jubileumsutgåver

Vi er dessutan spesialiserte på oppdragsbøker, firmagåver, jubileumsbøker, o.l. Vi skreddarsyr bøkene etter individuelle behov og utviklar bøkene i tett samarbeid med partnaren. Vi kan tilby produkt i ulike pris- og kvalitetsklassar. Nokre av våre oppdragsbøker har vunne prisar i t.d. konkurransen Årets Vakreste Bøker.

Blant samarbeidspartnarane så langt kan nemnast: Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestlandske Kunstindustrimuseum, Norsk Hydro, Lyng-gruppen, Hydroenergi, Kviknes Hotell, Statens vegvesen, Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Statkraft, Ekstremsportveko, Hydro Aluminium, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogn folkemuseum.

Ta kontakt for meir informasjon og uforpliktande møte.

Eit utval av bøkene finn du her: Oppdragsbøker

Skald 2
Postadresse: Postboks 61, 6861 LEIKANGER
Besøksadresse: Riverdalen 1, 6861 LEIKANGER
Føretaksnr: NO 961 651 867

Tlf: 57 65 41 55
Faks: 57 65 43 69
E-post: forlag@skald.no