(13.05.13)
(12.02.13)
(09.10.12)
(03.12.12)
Tysdag 4. desember lanserer vi diamanten frå årets bokliste: "Eit lite stykke kosmos – SoFT 2011" av Marita Liabø, Oddleiv Apneseth (foto) og Aud Gloppen (design).
Boka er eit dokumentarisk samtidsportrett av Sogn og Fjordane Teater der forfattar og fotograf har følgt teateret i ord og bilde gjennom året, framfor og bak sceneteppet.
Med heilt spesielle grafiske og kunstnariske kvalitetar har den prisroste bokdesignaren Aud Gloppen skapt eit særeige stykke bokkunst.
(03.12.12)
– Boka er flott med mange unike bilete ... Sjølv om Undredal ligg ved ein vestlandsfjord, får ein ved å bla i boka kjensla av at bygda liknar Provence, skriv Svein Gjerdaker i Dag og Tid.
– Boka er reine tidsmaskina. [...] Dei fleste i 50 pluss-generasjonen har faktisk opplevd denne tida og vil kjenne seg att i boka, skriv Sigmund Krøvel-Velle i Hallingdølen.
Vidare til boka -->
(26.11.12)
Terningane vert trilla, og 3 av årets nye titlar stikkar av med toppskåring!
Terningkast 6 til monsterserien og bøkene Monsterpest og Monster i mørket frå litteraturavisen Bokstaver.no.
Terningkast 6 til Gran Canarias beste av Øystein Eide frå Bokelskere.no.
(17.10.12)
Dette er ei fyldig retrospektiv praktbok om fotografen Jens Hauge sin kunstnarskap.
Hauge (f. 1953) er kjend for sine subtile landskapstolkningar, og etter den første separatutstillinga i 1976 er verka hans viste i kunstgalleri og museum i Skandinavia, USA, Storbritania, Polen, Nederland og Argentina.
Den kunstnarlege tilnærminga til landskapet i Hauge sine bilete varierer frå konseptuell, surrialistisk til meir poetisk tolking av menneske sin innverknad på naturen.
(09.10.12)
Her er årets flotteste bok om byen mellom de syv fjell! Med våkent blikk og lun og underholdende penn har fotograf Paul Sigve Amundsen og forfatter Chris Tvedt fanget Bergens unike og mangfoldige karakter. Kjente og ukjente motiver viser byens ansikt utover turistbrosjyrenes virkelighet.
Bergen kommer til å varme langt inn i hjerterøttene hos alle med et forhold til byen.
(30.10.12)
I ei veke dokumenterte fotostudenten Ole Fretheim kvardagen i strandsitjarbygda Undredal. 40 år etter har han samla det unike bildematerialet i ei flott fotobok.
Undredal og fjorden gir eit rikt portrett av veglause Undredal i 1973 – i ei nær fortid utan datamaskiner, før oljealderen tok skikkeleg tak i landet vårt.
Les smakebit frå boka her:
- Smakebit: Undredal og fjorden
(01.11.12)
Voss har fostra skiutøvarar i verdsklasse heilt sidan 1940-talet, og no får dei sin velfortente plass i boka
Skibygda Voss. Intervju og bilde gir eit unikt innblikk i dei som stod bak bragdene som var med å setja skibygda Voss på kartet.
(17.10.12)
Bli med på ei rik reise langs Sognefjorden – frå kysten i vest til Jotunheimen i aust.
Denne allsidige reiseguiden er ei praktisk handbok som viser deg vegen til Noregs hjarte. Ei fyldig blanding av bilete, informative tekstar og kart vil gi deg inspirasjon til å oppleve dei ulike kommunane langs denne unike fjorden, og du vil bli kjent med eit breitt utval av kultur- og naturopplevingar – frå historiske attraksjonar, lokalmat til fotturar, aktivitetar og moderne friluftsliv.
Opplev Sognefjorden er boka for deg som vil oppdage Noregs hjarte, og eit must for alle som bur her!
Les smakebit frå boka her:
- Smakebit: Opplev Sognefjorden
(19.09.12)
I praktboka 52 opplevingar på Sunnmøre skildrar NRK-journalist Rebecca Nedregotten Strand turar i fjellet, vêrharde fyrtårn, kajakkpadling på fjorden og matopplevingar utanom det vanlege. Med seg har ho June Johansen, mangeårig fotograf i Sunnmørsposten. Nokre av opplevingane kjenner du til, nokre har du aldri høyrt om – alle er vel verde turen!
(05.09.12)
Hugsar du Veslemonster og Storemonster?
I fjor kom bildebøkene Nei! sa Veslemonster og Store monster græt ikkje. Dei to første bøkene i barnebokserien gjekk rett inn i hjartet på både store og små.
No følgjer SKALD opp med to nye titlar i den populære barnebokserien serien: Monster i mørket og Monsterpest.
(28.08.12)
Etter nokre år med stor etterspurnad er praktboka Sunnfjord endeleg komen i revidert utgåve og i ny, påkosta drakt.
Boka tar deg med gjennom Sunnfjord i bilete og ord, frå sør til nord, frå hav til isbre, gjennom skiftande vêr og alle årstider. Stemningar, kommentarar og ettertanke og litt fakta har fått plass i ei stemningsfull bok der bilete og ord utfyller kvarandre. Praktboka er eit samarbeid mellom fotografen Oskar Andersen og forfattaren Rolf Losnegård.
(23.08.12)
SKALD si haustliste er ein samansett godtepose av kunstferdige, vakre bøker med både lokal og nasjonal appell. Her finn du alt frå vakre bøker om vakre Vestlandet, via bøker om kvardagsliv, idrett, musikk, kunst og teater, til ein reiseguide med dei beste opplevingane på Gran Canaria. For dei minste har vi koselege bøker om ganske koselege monster, mens dei vaksne kan more seg med humoristiske skråblikk på champagneglade damer. Også i år finn du garantert noko du vil like!
(02.07.12) Etter å ha illustrert dei tre prisvinnande, bestseljande barnebøkene Godnattboka, Eventyrboka og Trøysteboka tek ho no endeleg steget ut i vaksenverda. Stega blir tekne på høge stillettar og med minst eit glas champagne i handa, akkurat slik som dei som inspirerte boka!