Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

GÅVEKORT TIL JUL

Du kan bestille boka til ein du er glad i, så sender vi deg eit gåvekort du kan bruke under juletreet. Send info om kven vi skal sende boka til til forlag@skald.no

Alle som førehandsbestiller boka innan 8. april 2019 får maks. rabatt og fraktfri levering.


DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE REISE

Globetrottaren Gunnar Garfors er kjent for å ha besøkt alle verdas land. På sine turar har han opplevd stader, situasjonar og menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. I arbeidet med si nye bok Ingenstad –på tur til verdas minst besøkte land har han reist attende til dei 20 landa i verda færrast av oss reiser til.

Når Garfors er på reise, er det nyfikenheita som driv han. Hans unike og opne vesen kan minne om måten barn møter verda på. I Ingenstad har han vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Lesaren vert teke med på ei personleg ferd og kjem tett på menneska forfattaren har møtt i land som Afghanistan, Turkmenistan, Nauru, Mauritania og Komorane. Nokre av dei har du knapt høyrt om, andre gir neppe andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I Ingenstad møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen – landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året.

I ei tid der fleire vel vekk turisttunge reisemål og heller søkjer genuine inntrykk i møtet med menneske frå kulturar som skil seg frå vår eigen, vil Garfors inspirere, men også gi deg høve til å oppleve område du neppe vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre nasjonar, trusretningar og verdsopfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner og snakka med dei som bur der. 

Ingenstad tek deg med til nokre av dei mest fasinerande stadene i verda.