Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Er du ein igraol? Har du ein god kodde i sofaen, for det er vel fønøne når du ligg og dusmar? I 2006–2008 sende NRK Sogn og Fjordane programserien Grautmål: Hyllest til dialektord frå Sogn og Fjordane der innringjarar i samtale med journalist Arve Uglum presenterte og forklarte ord og uttrykk dei kjende frå eige talemål. 

I bokversjonen er dialogen mellom heimelsfolka og Uglum gjengitt i talemålsnær form. Deretter gir språkvitar Øystein A. Vangsnes fyldige kommentarar til, og omkring, orda og talemålet basert på tilgjengelege kjelder og eigen kjennskap til dialektane i fylket. Morosamt og informativt om dialekt!