Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Pass deg for eg er uredd og difor mektig.

Mary Shelleys Frankenstein eller den moderne Prometevs er andre bok i den nye klassikarserien med verdslitteraturens viktigaste verk i ny nynorsk språkdrakt.

Det opphavlege trebindsverket vert ofte sett på som verdas første science fiction-roman og har hatt enorm påverknad på seinare litteratur og populærkultur, ikkje minst film. Romanpersonen Victor Frankenstein og det namnlause monsteret hans er blitt omgrep på mange språk. 

Forfattar Mary Shelley var ein av dei aller første kvinnelege forfattarane som ikkje skreiv under pseudonym. Den første utgåva var publisert anonymt, medan namnet hennar stod på andreutgåva frå 1823. Det at ei kvinne skreiv om eit slikt tema, gjorde henne banebrytande og til ein av dei aller viktigaste forfattarane i verdslitteraturen. Shelley var berre 19 år då ho skreiv første utgåva av verket.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket. 

Følg med på klassikarserien på Facebook @nynorskeklassikarar!