Ein gong skulle Anders verta stjernekokk, med Michelin-stjerner og hundre timars arbeidsveke, men før han kom så langt møtte han veggen. No, ti år seinare, har forfattaren, hagebonden, journalisten og småbarnsfaren funne ein heilt annan måte å kokkelere på. Saman med fotografkamerat og kollega Marius Knutsen deler han no triksa som gjer kvardagen til fest.

I kokeboka DIGG finn vi alle ingrediensane som høyrer heime i ei kokebok: forrettar, supper, middagar og dessertar, men Anders Totland spissar det heile med eit par heilt eigne krydder. Og får du litt til overs har Anders restetips til kvar oppskrift samt eit eige kapittel om restemat.

Dei festlege rettane i boka kan lagast av kven som helst, med kvardagslege ingrediensar alle kan finne i nærbutikken i kvar einaste krå av landet.

Ei saftig, rå og raus kokebok som inspirerer sjølv den matleie i tidsklemma.

Følg Anders og Marius:

På bloggen: http://diggkokebok.wordpress.com/contact/

På Instagram: http://www.instagram.com/diggkokebok/

2017
Nynorsk
21,0 x 24,2 cm
152 sider
Innbunden med kvartbind i skjerting, foliepreg og leseband.

Formgjeving: Øystein Vidnes
Foto: Marius Knutsen

ISBN 9788279592693

Sagt om boka:

«Det beste med rettane i Digg er at alle kan laga dei, og at dei mest matleie av oss kan finna inspirasjon til å gje kvardagsmiddagen eit lyft.»

«Matfilosofi og kokebok i ei herleg blanding. […] Ei bok du kan slita ut på kjøkenet, og dessutan kosa deg med i godstolen.»

«Det er faktisk lettere enn man skulle tro å eksperimentere litt med hverdagsmaten. […] Det går ikke lang tid før du finner noe fristende i denne boka. […] Enkelt å lese – enkelt å like.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk