Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Øystein Vidnes

Øystein Vidnes (f. 1976) er designar, forfattar, omsetjar og illustratør. Han er opphavleg utdanna litteraturvitar og var med å starte mikroforlaget Gasspedal i 2000. Mellom 2005 og 2013 har han vore designaren bak kulturtidsskriftet Vagant. Han lagar bokomslag og bøker for forlag i Noreg og Danmark. Han er no basert i Leikanger i Sogn, men arbeider i periodar også i Oslo og Berlin. 

Vidnes har vunne fleire prisar i kåringa Årets vakreste bøker. I 2015 fekk han tildelt gull for utforminga og illustrasjon av romanen MS Liv av Rolf Sagen.