Jon Fosse har omsett og gitt ut ei rekkje bøker på Skald. Felles for dei er at det er verk som han sjølv meiner har vore svært viktige for hans forfattarskap. I tillegg til moderne klassikarar, er han inspirert og oppteken av dei norske sogene, som han har omsett til nynorsk. I høve nobelprisen i litteratur gir vi ut begge sogene og dramaet Edda i ein eigen serie. Omslagsillustrasjonane er handteikna av Stefan Ellmer og inspirert av Codex Regius.

Soga om Fridtjov den frøkne er ei av dei mest kjende norrøne sogene utanfor Noreg. Soga handlar om Fridtjov frå Framnes og hans kjærleik til Ingebjørg, dottera til kong Bele. Etter at kongen døde, kjem Fridtjov og brørne til Ingebjørg i krangel. Brørne er imot eit bryllaup mellom dei to. Dei driv Fridtjov frå garden og gifter systera bort til den mange tiår eldre kong Ring. Men Fridtjov er klok og får til slutt både Ingebjørg og kong Ring sitt store rike.

Nobelprisvinnaren si nye omsetjing er basert på det opphavlege og lengste handskriftet av soga frå 1300-talet. Soga er ei underhaldande og lettlesen forteljing som gjev godt innsyn i tru og skikkar i vikingtida.

Fridtjov & Ingebjørg er ein adapsjon av Fridtjovsoga, skriven av Fosse og illustrert av Oddvar Torsheim. Ut ifrå dette samarbeidet sprang samtaleboka mellom dei to – Ulyzes.

2023
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
88 sider
Trådinnbunden, trykt i offset-trykk.

Formgjeving: Rune Døli
Illustrasjon: Stefan Ellmer
Omsetjing: Jon Fosse

ISBN 9788279593799

Sagt om boka:

«Lettlese, historisk og storslått leseoppleving i eit lite format som for meg vert til von og livslyst så vel som leselyst vidare. »

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk