Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår. Mange trur bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun, men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. I desse tuna budde og arbeidde familiar i små hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga.

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fekk ideen til Klyngetunet då dei samla stoff frå heile landet til bestseljaren Norges låver. På si hittil siste reise har dei vitja meir enn femti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk.

Ein gong fanst det mange tusen slike bondelandsbyar, før dei vart oppløyste i perioden 1860–1920. Boka fortel om korleis den dramatiske oppløysinga endra det norske landskapet og bygdelivet, og korleis det gjekk med dei få tuna der bøndene ikkje flytta for å etablera seg kvar for seg. Boka fortel også om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast og bu i fellesskap.

I tillegg til Apneseth sine bilete av klynge- og rekketuna, slik dei framstår i dag, inneheld boka historiske bilete, gamle utskiftingskart som viser den opphavlege organiseringa, og fleire av Arne Berg sine teikningar av dei gamle tuna.

Dei siste åra har vi sett ei stadig aukande interesse for historia vår, det nære og det solide. Denne boka er ein augeopnar for ein tradisjon som inspirerer stadig fleire nordmenn.

2018
Nynorsk
24,0 x 23,0 cm
448 sider
Innbunden med tråd, kvartbind i tekstil, foliepreg, to papirtypar, offsettrykk.

Formgjeving: Silje Nes
Foto: Oddleiv Apneseth

ISBN 9788279592686

Sagt om boka:

«Ved å fortelle om et forholdsvis ukjent levesett som eksisterte siden middelalderen, nyanserer parhestene Røyrane/Apneseth også historien om den norske bonden. […] Klyngetunet kan godt leses som et kulturpolitisk innspill til bevilgende myndigheter.»

«Med nøkterne og gode tekstar og med storslåtte bileter og ærlege detaljar inviterer dei oss inn på det eine tunet etter det andre, kringom i kyst-, fjord- og fjellandet Norge. […] Ei storslått bok om klyngetuna kan inspirera til å snakke om korleis framtidas bygder skal formast.»

«Glem Isak Sellanrå, i Klyngetunet – den norske landsbyen løftes den norske bondekulturen frem som et sosialt fellesskapsprosjekt. […] En praktbok er det virkelig blitt. Silje Nes har gjort en utmerket jobb med den grafiske utforminga som er langt mer oppdatert enn tematikken.»

«Boken er et must for dem som er interessert i norsk historie, landbruk, bygdeliv, arkitektur og byggeskikk – og hvordan arbeidsfellesskap og tett naboskap fungerte – og kan fungere i dag.»

«Ein bibel om det norske klyngetunet.»

«Dette er en svært vakker, fascinerende og tankevekkende bok, som anbefales på det sterkeste.»

«Fotograf Oddleiv Apneseth og forfattar og journalist Eva Røyrane og det vesle forlaget Skald i Leikanger, har gjort ein kulturhistorisk innsats det står respekt av. […] I det heile er det ei rasande interessant og vakker bok. Ein får lyst til å gjere den same reisa sjølv.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk