Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Bøkene i klassikarserien er godt innbundne, vakre og lette å ta med seg. Skulle du likevel har bruk for ein e-bokversjon, kan du få tak i den i dei fleste e-bokformata:

Ebok.no

Ibooks

Google books

Valskyldskapane er noko så sjeldan som ein eksperimentell kjærleiksroman frå starten av 1800-talet. Verket var eit av dei store verka om ekteskapsbrot, i likskap med Madame Bovary av Gustave Flaubert. Også Goethes roman skapte oppstuss. Han vart sett på som usedeleg og vart samanlikna med det lause og lystige livet ein meinte Goethe sjølv levde.

«Det er ikkje ei einaste linje i Valskyldskapane eg ikkje kunne ha opplevd sjølv», sa forfattaren nokre år før sin død, og overlét tolkinga av i kva grad det er Goethe sjølv vi møter i boka, til lesaren.

Blant alle dei berømte verka sine såg Goethe sjølv på Valskyldskapane som det mest vellykka. Med romanen skreiv den elles så positivt innstilte bestseljarforfattaren sin einaste eigentlege tragedie. Han brukte element frå den greske tragedien, kombinert med element frå romantikken, som han sjølv var ein uttalt motstandar av, og enkelte har lese verket som ein parodi på romantikken.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Følg klassikarserien på Facebook @nynorskeklassikarar