Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Ein skulle hatt femti par auge
å sjå med, tenkte ho.

I Til fyret frå 1927 blir familien Ramsays ferie på øya Skye, og trivialitetane rundt ei stadig utsett utflukt til det nærliggande fyret, løfta til stor litteratur. Romanen er ei oppvising i den intense, djuptborande skrivemåten til Virginia Woolf. Verket er rekna som eit stjerneeksempel på bruken av stream of consciousness, der forteljinga følgjer den indre straumen av tankar, innfall, inntrykk og kjensler i menneskesinnet. Til fyret kan også lesast som ei sjølvbiografisk gransking av oppvekst og vaksenliv. Kritikarar har utropt romanen til eit meisterverk, og boka vart ein bestseljar alt i Woolfs levetid. 

Prosaen til Virginia Woolf er kjend for å søke sanninga i bevisstheita til romanfigurane ved bruk av nye litterære grep. Alt i si levetid var Woolf sett på som ein stjerneforfattar, men først i samband med kvinnerørsla på 1970-talet vart ho for fullt oppdaga internasjonalt. Ingen av verka hennar er tidlegare utgitt på nynorsk.


Boka kjem ut i serien SKALDs klassikarar – ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.