
Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.
Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.
Forfattar:
Emily Brontë
Formgjeving: Stefan Ellmer, Andreas Töpfer, Øystein Vidnes
ISBN 9788279592754
Bøkene i klassikarserien er godt innbundne, vakre og lette å ta med seg. Skulle du likevel har bruk for ein e-bokversjon, kan du få tak i den i dei fleste e-bokformata:
Stormfulle høgder (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av Emily Brontë. Verket vart gitt ut under pseudonymet Ellis Bell, og først etter Brontës død i 1848, vart boka publisert under hennar eige namn.
Romanen vert sett på som eit av dei største verka i verdslitteraturen. Den mørke og dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda, om Catherine og den vondsinna protagonisten Heathcliff, sjokkerte i samtida, ikkje minst fordi Brontë i romanen braut med litterære og moralske normer. Etter kvart har verket blitt rekna blant dei ypparste frå 1800-talslitteraturen, og karakterane Brontë skapte har i all sin mørke villskap fascinert lesarane fram til i dag. Den mytiske statusen til Stormfulle høgder har vakse med tallause filmatiseringar og andre omarbeidingar. I dag er historia ikkje minst kjend frå Kate Bush' song Wuthering Heights.
Romanen er omsett til nynorsk av Øystein Vidnes og Ragnar Hovland. At det er nettopp den uhøvla utkantskildraren Ragnar Hovland som omset skildringa av dei «vondskapsfulle» og «uhøvla barbarane» (som kritikarane kalte dei) frå den engelske landsbygda, gir denne nyomsetjinga ein ekstra dimensjon.
Følg klassikarserien på Facebook @nynorskeklassikarar
SKALD
Postboks 61
6861 LEIKANGER
Besøksadresse:
Gamlehotellet
Riverdalen 1
6863 LEIKANGER
E-post: forlag@skald.no
Tlf: 57 65 41 55
Nettbutikken og betalingsløysinga blir handsama av betalingsleverandøren PayPal. Betalingar via PayPal er sikra av PayPal Kjøperbeskyttelse og Selgerbeskyttelse (vilkår gjelder). Du kan bruke din PayPal-konto, debit- eller kredittkort.
Personopplysningar blir handsame i tråd med gjeldande norsk lov om personvern og innsynsrett.
Når kjøpet er registrert vil du få ein e-post som stadfesting.
Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn, faktura- og leveringsadresse.
Vi leverer fraktfritt innanfor Noreg. For sendingar til utlandet kjem frakt i tillegg.
Returrett innan 14 dagar frå mottaking av varene. Evt. frakt på retur blir betalt av bestillar.
Our titles are available for foreign language editions. For further information, please contact:
Simone Stibbe
E-Mail: simone@skald.no
Vi er alltid nysgjerrige på nye idear og manus.
Send manuset som worddokument til manus@skald.no.
Generelt vurderer vi tekstar både på nynorsk og bokmål med unnatak av barnebøker som berre vert vurderte og utgitte på nynorsk.
Vi gjer merksam på at papirmanus, utskrifter, dummies o.l. berre vert returnerte viss det er lagt ved frankert returkonvolutt.
Legg gjerne ved eit følgjebrev med nokre opplysningar om deg sjølv og bakgrunnen til prosjektet. Hugs også telefonnummer og e-postadresse. Dersom du sender manuskript til fleire forlag samtidig, vil vi helst ha beskjed om det.
Vurderingstida på manuskript er normalt seks til åtte veker. I periodar med stort arbeidspress og/eller ferieavvikling kan det ta litt lengre tid. Vi er ein liten redaksjon og får til tider mange manus. Vi prøver å vurdere det meste innan rimeleg tid, men ber om forståing om det i nokre tilfelle kan ta lenger tid. Når redaksjonen er ferdig med vurderinga, vil du få ei skriftleg tilbakemelding på e-post.