Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Sidan ho var tenåring har kunsthistorikar og forfattar Jorunn Veiteberg vore ein pasjonert brukar og samlar av smykke. Samlinga hennar dekkjer nesten femti år, inneheld 550 gjenstandar og inkluderer verk av 210 smykkekunstnarar frå 30 ulike land. Nokre av smykka er masseproduserte, andre er unik kunst. Konvensjonelle former lever side om side med eksperimentelle objekt, og humor og politikk finst i rikt mon. 

Boka tar for seg kvifor Veiteberg blei samlar, og kva som gjer smykke så fasinerande som samleobjekt og kunstnarleg medium. Det er ei personleg historie, men boka er også eit bidrag til nyare kunsthandverkshistorie.

Fotograf Guri Dahl har stått for fotografering og fotomontasje av samlinga.