
Kanskje, kanskje
Om tannfelling, tannfeer og trøyst
Forfattar:
Erna Osland
Illustrasjon:
Victoria Sandøy
ISBN 9788279593225
Kjøp
249,-
Sagt om boka:
Guri Kristin Gjøsdal, nynorskbok.no
Neste
– Boka er nydeleg og dyktig illustrert av Victoria Sandøy.
Edith har ei laus tann. Pappa vil knipse ho ut for å gi ho til tannmusa. Men bestevenninna Eva gav si tann til tannfea, og Miko berre kasta tanna si rett opp i lufta. Edith veit ikkje heilt kva ho skal gjere. Men så misser ho tanna – og kva skal ho gjere då?
Kanskje, kanskje er ei bok om det å miste tenner, og kva ein har gjort med tennene opp gjennom tidene i ulike kulturar. Og kanskje litt om det å bli større. Kanskje?