Der ingen skulle tru at nokon kunne reise

Gunnar Garfors er kjent for å ha reist verda rundt. På sine turar har han møtt menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Når Garfors er på reise, er det nysgjerrigheita som driv han. Hans vennlege og opne vesen gjer at han lett blir kjent med folk der han er.

I boka Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land tek han oss med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Han har vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Vi blir med på ei personleg ferd og kjem tett på menneska forfattaren har møtt i land som Afghanistan, Turkmenistan, Nauru, Mauritania og Komorane. Nokre av dei har du knapt høyrt om, andre gir neppe andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I Ingenstad møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen – landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året.

I ei tid prega av konflikt og krig vil forfattaren inspirere oss til å bli kjent med delar av verda som skil seg frå vår eiga, men som mange knapt vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre nasjonar, trusretningar og verdsoppfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner.

Ingenstad tek deg med til nokre av dei mest fasinerande stadene i verda.

2019
Nynorsk
416 sider
17,0 x 22,9 cm
Innbunden, kvit foliepreg, illustrert.

Formgjeving: Øystein Vidnes

ISBN 9788279592907

Sagt om boka:

«At Garfors deler verda med oss lesarar skal me vera takksame for. Me få innsikt som gjer oss både glade og triste - men og håp. Garfors er ein brubyggjar som tek oss med på ferda. Eg ser fram til å dykka litt djupare inn i Ingenstad.»

«Denne boka kan vere med og gje lesaren ei breiare forståing av andre kulturar, trusretningar og verdsoppfatningar og gjere noko med korleis ein ser på verda.»

«Ingenstad er både morsom, informativ og tankevekkende. Mest av alt er det en forfriskende kontrast til verdenspressens tilsynelatende evige jakt på tragedier. Det er førsteklasses reiselitteratur som forhåpentligvis får deg til å se på verden gjennom et nytt filter.»

«I Ingenstad gir Gunnar Garfors en stemme til mennesker i land vi knapt forbinder med annet enn krig og elendighet, og viser at det alltid finnes lys i mørket.»

«Her er mykje fascinerande stoff. Dette må vera ein mann med meir enn normal mengde med mot.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk