Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Legg deg ned på bakken og sjå! I denne vrimleboka tek illustratør Tetiana Kosovska barna med til eit yrande liv inn mellom blomar og gras, kongler og løv. Her møter dei alt frå biller og maur til bier og sommarfuglar, og kan følgje dei ulike figurane på eventyr. Kosovska teiknar fantasifullt fram finurlege figurar og morosame møte. Boka inneheld ikkje tekst, så her kan små og store lesarar finne sine eigne forteljingar.